fredag 18. november 2011

Handle with care


















Dette er bilder fra utstillingen min, Handle with care, ved Galleri Format i Bergen våren 2004. Forfatter Helga Eriksen åpnet utstillingen med å lese denne vakre teksten:
Handle with care har Anne Lise Johnsen kalla dette utstillingsprosjektet sitt i Formats råeste rom i denne gamle Norges Bank-bygninga. Skattar og rikdomar har vore samla her før. Men kva er rikdom? Det handlar ikkje om pengar denne gongen. VI har alle vore barn på ei strand, samla skattar frå havet; runde steinar glatte mot handflatene, auga har fanga små fargerike kokolurar i fantasifulle former eller steinslipne glasbrot du ikkje lenger kan sjå gjennom; vi har lagt øyra inntil store konkylier og høyrt susen frå gløymde bølgjer. Vi har grove tærne ned i sanden og drøymd oss bort i lukta av salt hav, vi har minne om smaken av sjødyr og fisk.
Ein kan ikkje samla på alt. Sjølv har eig ei stor skål med steinar på altanen. Eg har funne dei i fleire verdsdelar, steinar som i mange år har tynga koffertane mine til grensa for det tilletne. I det gamle badet mitt hadde eg ei samling på fleire titals froskar i mange slags utføringar, eg sa det var alle dei prinsane eg hadde kysst som vart forheksa. Men før ellersidan må ein kaste noko, legge noko bak seg, sortere i samlingane sine, legge steinane ut i hagen og gløyme dei, gi froskane vidare til ungar i nabolaget. Det er ikkje fortida som skal ha heile plassen, ein må ha rom for å opne seg for nye inntrykk, sortere minnene etter nye prinsipp, gløyme noko for å hugse det på ein annan måte.
Berre i møte med det ukjende kan det kjende forandre seg, og Anne Lise Johnsen kjem ikkje med steinar og frosk, skjel eller konkylier. Ho kjem ikkje med noko vi har sett før og kan kjenne att og sortere raskt etter gamle system. Ho kjem med sine eigne skattar handsama med omsorg, forma over tid i meditativ refleksjon med leira, objekt for undring og berøring. Ho kjem med sine eigne former og minne lagt på senger av fint salt i kassar laga for frakt av skjøre ting, som små japanske hagar vi kan opne loket til og finne vårt eige på nytt. Ho har lagt dei fram for oss så vi kan løfte dei opp, stryke over dei glattslipte flatene og finne våre eigne minne, våre eigne undringar og sanselege møte med små arkeorogiske utgravingar i vår eiga tids kunstuttrykk. Vær så god, kassane er lukka, utstillinga er open, den som leitar vil finna.


"Pengebingen" i gamle Norges bank i Bergen, med mine 16 kasser.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar